Hopp til innhold

Fjærlandstunnelen stengd i 3 timar

Steinblokka som sperrar Fjærlandstunnelen har truleg losna frå veggen i tunnelen og falle ned i vegbanen, seier politiførstebetjent Øyvind Førde ved politiet i Sunnfjord. Han seier at ein bil køyrde inn i steinblokka, og at to bilar som kom like bak klarte å stanse. Det er ikkje meldt om personskade, seier han.

Førde opplyser at entreprenør er inne i tunnelen og ryddar no, og at tunnelen vil vere stengd i minst tre timar. Han seier at han ikkje har kjennskap til om det er kalla inn geolog for å vurdere skadane.

Politiførstebetjent Øyvind Førde ved politiet i Sunnfjord
Foto: NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no