Fiskebåt komen til Sicilia

Ein fiskebåt med 686 personar om bord la til kai i den italienske hamnebyen Lampedusa måndag.

Den italienske kystvakta eskorterte båten i hamn. Dei fleste om bord er menn.

Talet på migrantar som kjem til Italia har auka kraftig i 2021. Til no i år har nesten 45.000 gått i land på italiensk jord. Det er nesten dobbelt så mange som i 2020, og fem gongar fleire enn i 2019.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no