Fire personar henta ut i live frå samanrast hotell
Minst fire personar er henta ut i live frå det delvis samanraste hotellet i Kröv i Tyskland, opplyser politiet.
Ein person har omkomme etter kollapsen.
Arbeidet på ulukkesstaden skal vere svært krevjande.
Ved 23-tida tysdag kveld fall ein takgavl på hotellet ned, slik at to etasjar kollapsa på den eine sida av bygget.
Det var 14 personar i hotellet då hendinga skjedde. Fem av dei kom seg ut på eiga hand.