Hopp til innhold

Fire nye skip seglar frå Ukraina

Fire nye skip som fraktar ukrainske matvarer, segla frå ukrainske hamner i Svartehavet i dag, melder nyheitsbyrået Reuters.

Dei har meir enn 160.000 tonn mais og andre matvarer om bord.

Før invasjonen sto Russland og Ukriana til saman for nesten ein tredjedel av den globale kveiteeksporten.

Det var i førre månad FN og Tyrkia mekla fram ein kornavtale for Ukraina og Russland.

Dei fire første skipa forlét Ukraina i førre veke.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no