Fire av ti LO-medlemmer stemde Ap
Fire av ti LO-medlemmer stemde Arbeidarpartiet ved stortingsvalet 2021, melder FriFagbevegelse.
Det er ei auking frå då partiet låg på 30 prosent i starten av valkampen hos fagrørsla.
Det er òg ein oppgang hos LO-medlemmene på 2 prosentpoeng samanlikna med valet for fire år sidan, melder avisa, som har fått tilgang til dei interne analysetala til Ap.