Hopp til innhold

Finland stoppar Moderna-vaksinering

Myndigheiter i Finland har mellombels stansa vaksineringa med Moderna for menn fødde i 1991 eller seinare, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Onsdag valde svenske helsemyndigheiter å stansa vaksineringa av Moderna for personar fødde i 1991 og seinare. Også Danmark vil pausa Moderna-vaksineringa for alle ungdommar og born.

Årsaka er at vaksinen i sjeldne tilfelle kan gi betennelse i hjartemuskelen eller hjarteposen.

Sidan tilstanden er vanlegast blant unge menn, har myndigheitene for sikkerheits skuld valt å ta vaksinen ut av bruk blant personar under 30 år.

Per 5. oktober 2021 har Legemiddelverket fått 268 meldingar om betennelse i hjarta blant norske vaksinerte.

FHI gav onsdag anbefaling om at unge menn bør velja Pfizer når dei skal vaksinerast.

– Vi understrekar difor igjen vår anbefaling om at ungdommar under 18 år som skal vaksinerast får tilbod om Comirnaty uansett kva for ein mRNA-vaksine dei fekk som første dose. Menn under 30 år bør også vurdera å velja Comirnaty når dei skal vaksinera seg, sa Geir Bukholm, smitteverndirektør ved Folkehelseinstituttet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no