Hopp til innhold

FHI ser på vaksinering av studentar

Folkehelseinstituttet ser på korleis landets rundt 300.000 studentar skal bli vaksinert i løpet av sommaren.

Den første dosen skal settast i kommunen der studentane er registrert i Folkeregisteret, mens dose to blir sett i kommunen der ein studerer, seier overlege Are Stuwitz Berg i FHI til NRK.

– Vi jobbar med dette no. Problemet er at vi ikkje veit kvar vi skal flytte dosane frå. Men dette ser vi på no, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no