FHI bomma på smittetal

I romjula slo Folkehelseinstituttet alarm om aukande smitte og fleire positive prøvar. No syner det seg at tala var feil, skriv Aftenposten.

2. januar slo FHI alarm om at talet på positive koronatestar hadde stige frå 2,2 til 6,4 prosent. Dei oppdaterte tala syner no at talet eigentleg var på 3,5 prosent.

Tala blei brukt av regjeringa til å forsvara innføringa av strengare tiltak 3. januar. No i helga skal regjeringa ta stilling til om tiltaka skal bli forlenga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no