Fenglingsmøte for dei terrorsikta systrene torsdag
Dei to terrorsikta systrene frå Bærum vil bli framstilte for varetektsfengsling torsdag. Det stadfestar PST overfor NRK.
Det er enno uvisst om dei samtykkar til fengsling. Systrene nektar straffskuld.
– Dei vil forklare seg til politiet om bakgrunnen for at dei reiste og kva dei har gjort, seier forsvarar Geir Lippestad til Aftenposten.