Hopp til innhold

Fem omkom i ulukke i Belgia

Fem menneske er funne døde etter at ein skule som var under bygging i Antwerpen, raste saman.

I tillegg er ni personar skadde, åtte av dei alvorleg, ifølgje nyheitsbyrået Belga.

Ulukka skjedde fredag. Då fann redningsmannskapa ein av dei omkomne. Dagen etter blei fire andre funne døde. Alle dei døde er truleg anleggsarbeidarar.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjend.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no