Hopp til innhold

Fem bulgararar tiltalte for russisk spionasje i Storbritannia

Britiske styresmakter tiltalte torsdag fem bulgararar som er busette i landet for å ha spionert for Russland.

Tre menn og to kvinner mellom 29 og 45 år er sikta i saka.

Dei tiltalte er skulda for å ha samla inn informasjon meint å vere «direkte eller indirekte nyttig» for Russland i perioden mellom august 2020 og februar i år, ifølgje påtalemakta.

Alle fem vart arresterte tidlegare i år av britisk terrorpoliti, mistenkte for brot på spionlovgivinga.

Tre av dei vart arresterte og sikta for å ha hatt falske ID-papir i februar. Det vart funne til saman 34 ulike identitetspapir hos dei, mellom anna frå Storbritannia, Bulgaria, Frankrike, Italia, Spania, Kroatia, Hellas, Slovenia og Tsjekkia. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no