Fem arrestert i Nicaragua

Fem nye opposisjonspolitikarar er arresterte i Nicaragua. Politiet har gjort fleire arrestasjonar i forkant av presidentvalet i november.

Ei rekkje opposisjonsfigurar med håp om å utfordre sitjande president Daniel Ortega er arrestert dei siste vekene.

Ifølgje politiet er opposisjonspolitikarane mistenkte for handlingar som undergrev Nicaraguas sjølvstende.

Dei fem kjem i tillegg til fire andre opposisjonspolitikarar som nyleg vart arresterte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no