Får tildelt nobelprisane heime

Alle nobelprisvinnarane, sett vekk frå fredsprismottakarane, får tildelt prisen i sine heimland.

Først ut var den Først ut var den tanzanianske litteraturprisvinnaren Abdulrazak Gurnah. Han har budd heile sitt vaksne liv i Storbritannia og tok imot prisen under ein seremoni måndag ettermiddag ved Sveriges ambassade i London.

Seinare same dag vil den italienske fysikaren Giorgio Parisi ta i mot sin pris under ein seremoni i Roma, medan fysikar Syukuro Manabe, kjemikar David W.C. MacMillan og økonom Joshua D. Angrist får sine medaljar og diplom i Washington i USA.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no