Hopp til innhold

Får sende russiske varer til Svalbard likevel

Dei russiske varene som blei stoppa på grensa til Noreg i slutten av mai, fraktast no vidare med norske transportørar til gruvebyen Barentsburg på Svalbard.

Det bekreftar pressetalsperson Ane Haavardsdatter Lunde i Utanriksdepartementet til NRK.

– To konteinarar med forsyningar til Barentsburg er no på veg i eit norsk skip frå Tromsø til Longyearbyen, seier ho.

Norske myndigheiter sa 15. juni nei til frakt av varene via Noreg, på grunn av sanskjonane mot Russland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no