Hopp til innhold

Får reise til Israel

Den norske Miss Universe-deltakaren Nora Emile Nakken får reise til Israel sjølv om landet stengde grensene laurdag kveld. Miss Universe-finalen skal vere måndag den 13. desember i byen Eilat, som ligg sør i landet.

– Dei israelske medarrangørane av Miss Universe køyrer ekstra test for covid-19 ut over dobbeltvaksinering som Nora har frå Noreg. Dobbelt vaksine er godkjent av israelske smittevernmyndigheiter, og tillate innreise, seier talsperson Knut Yrvin til Extraavisen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no