Hopp til innhold

Fant giftige stoff i produkt frå Shein og Temu

Ifølgje sørkoreanske styresmakter er det funne høge nivå av giftige stoff som vert selt på dei kinesiske nettbutikkane, Shein, AliExpress og Temu.

Sko frå Shein, inneheldt ftalater, ein kjemikalie som brukast til å gjere plast mjukare og meir fleksibelt. Stoffet kan føre til reduksjon av sædceller og infertilitet. Det er òg klassifisert som kreftframkallande, seier ein tenestemann frå Seouls miljøhelseteam til nyheitsbyrået AFP.

Formaldehyd, ein kjemikalie som mellom anna brukast i balsameringsvæske og byggjemateriale, vart funne i hattar frå Shein.

Naglelakk frå same nettbutikken, inneheldt dioksin, eit mogleg kreftframkallande stoff som òg kan føre til leverforgifting.

Shein svarar at dei jobbar tett med testbyrå som regelmessig skal undersøkje produkt frå leverandørane for å sikre at dei overheld produktstandarden i selskapet.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no