Fann død person i symjehall
Ein person er funnen død i ein nedlagd symjehall i Bodø, melder Avisa Nordland. Politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til at personen er død, og har starta etterforsking. Området rundt den gamle symjehallen skal vere sperra av.