Fann død mann i fjøra etter fest
Ein mann i 30-åra vart torsdag funnen død i fjøresteinane i ei bygd i Hyllestad i Sogn og Fjordane. Politiet opplyser at den døde er frå Oslo. Mannen vart sist observert på veg heim frå ein fest. Politiet trur ikkje at det har skjedd noko kriminelt.