Fann 31 irakarar i varebil

Tysk politi har funne 31 irakarar i ein varebil i delstaten Mecklenburg-Vorpommern, ikkje langt ifrå grensa til Polen. Nokon av dei 19 mennene, 10 ungane og 2 kvinnene var i dårleg form, melder politiet laurdag. Fleire av ungane hadde fuktige, slitne sko, andre hadde såre føter som hadde vore pakka inn i aluminiumsfolie.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no