Færre vil på julebord

Fire av ti nordmenn seier dei skal på julebord i år. Det viser Norsk koronamonitor frå Opinion.

På same tid i fjor sa halvparten at dei ville på julebord.

I alt er 12.000 nordmenn spurde om dei vil delta, og om dei trur jula blir annleis i år på grunn av koronasituasjonen.

18 prosent trur jula blir annleis i år, medan 39 prosent trudde det på same tid i fjor.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no