Hopp til innhold

Færre sakna etter isbreulukka i Italia

Fem fjellklatrarar er framleis sakna etter isbreulukka i Italia. Tysdag fekk italienske myndigheiter kontakt med fire utanlandske klatrarar som var meldt sakna. Sju mennesker er funne omkomne, og israset ser derfor ut til å kravd tolv liv.

Åtte andre klatrarar blei skadde då deler av ein isbre losna, og raste ned på fleire taulag med klatrarar på det 3343 meter høge Marmolada-fjellet.

Redningsmannskap fryktar det kan ta veker eller månader å finne dei sakna fordi det må brukast spesialutstyr for å grave seg gjennom ismassane.

(NRK / NTB)

Redningsarbeid ved Marmolada-fjellet i Italia.
Foto: PIERRE TEYSSOT / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no