Extra Kongsberg opnar igjen måndag

Extra-butikken i Kongsberg opnar igjen måndag, opplyser Coop i ei pressemelding.

Butikken har vore stengt sidan onsdag kveld etter at den drapssikta Espen Andersen Bråthen starta angrepa i Kongsberg der.

Ingen av dei tilsette som var til stades kom fysisk til skade. Dei har fått oppfølging frå krisepersonell etter hendinga, skriv Coop i pressemeldinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no