Hopp til innhold

Expressen: Dokument skal vise russiske planar om å ta over Belarus

Eit lekka dokument frå Kreml skal vise russiske planar om å ta over nabolandet Belarus, skriv Expressen. Den svenske avisa har samarbeidd med ei rekke europeiske medium om avsløringa.

Dokumentet frå 2021 skal visstnok vise korleis Belarus gradvis skal bli slått saman med Russland politisk, økonomisk og militært. Før prosessen skal vere sluttført innan 2030.

Ifølge Expressen skal det vere liknande planar for Estland, Latvia og Litauen, i tillegg til Moldova og Ukraina.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no