Hopp til innhold

Europarådet kritiserer fransk politi

Europarådet kritiserer fransk politi for overdriven maktbruk under demonstrasjonane mot Macron-regjeringa sin pensjonsreform.

Menneskerettskommisjonær Dunja Mijatovic seier det har vore valdelege hendingar som har kravd inngrep frå styresmaktene, men at handteringa er uforholdsmessig.

– Vald utført av somme demonstrantar rettferdiggjer ikkje overdriven maktbruk frå styresmaktene si side. Valdelege demonstrantar er heller ikkje nok til at dei med roleg framferd blir fråtekne sin forsamlingsrett, seier Mijatovic.

Torsdag protesterte over ein million menneske, mellom anna ved å blokkere togstasjonar og vegar.

Den mellomstatlege organisasjonen Europarådet har 46 hovudsakleg europeiske medlemer, og arbeider for å fremje demokrati, menneskerettar og rettsstatsutvikling.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no