Hopp til innhold

EU: Gass og kjernekraft blir rekna som berekraftige investeringar

Eit fleirtal av medlemmane i EU-parlamentet godkjende å halde fram med å stemple gass og kjernekraft som berekraftige investeringar. Det melder Reuters.

Dermed er EU-parlamentet einig med EU-kommisjonen om at gass og kjernekraft under visse føresetnadar kan vurderast som miljøvennleg energi. Merkinga tar del i ei omfattande ordning innanfor EU for å styre investeringar i ei berekraftig og klimavennleg retning.

Av 639 stemmer var det 328 som røysta mot forslaget om å ikkje lengre vurdere gass og kjernekraft som grøne investeringar. 33 lovgivarar avstod frå å røyste.

Forslaget er særs kontroversielt. Mange miljøvernarar har meint at EU måtte slutte med å grønmerke spesielt fossile brensel som gass.

Ordninga vil truleg få stor betydning for olje- og gasseksportøren Noreg.

FILE PHOTO: A general view of the Aasta Hansteen gas platform before departure to its final destination in the Norwegian Sea, at the yard in Stord
Foto: Nerijus Adomaitis / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no