Etterforskar ikkje Diana-intervju

London-politiet seier dei ikkje vil etterforske korleis ein tidlegare BBC-journalist fekk eit intervju med prinsesse Diana i 1995.

I mai kom ein rapport som konkluderte med at Martin Bashir hadde lurt Dianas bror til å hjelpe han til å få i stand intervjuet, der ho blant anna snakka ærleg om det vanskelege ekteskapet med prins Charles.

Politiet seier det ikkje har kome fram nye bevis som viser at Bashir gjorde noko straffbart, og difor ikkje ville sette i verk tiltak.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no