Hopp til innhold

Etterforska ikkje valdtekstanklaga fransk minister

Fransk påtalemakt vil ikkje etterforske solidaritetsminister Damien Abad etter at to kvinner har skulda han for valdtekt.

42-åringen vart utnemnd av president Emmanuel Macron førre veke.

Abad har møtt aukande press for å gå av etter at nyheitsnettstaden Mediapart allereie dagen etter rapporterte om overgrepsskuldingane frå to kvinner frå 2010 og 2011. Ministeren har nekta for påstandane til kvinnene.

– Slik det står no, kjem ikkje påtalemakta til å følgje opp brevet. Manglande evne til å identifisere offeret for dei påstått handlingane, gjer det vanskeleg å gå vidare til ei høyring, står det i ei ytring onsdag.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no