Hopp til innhold

Espen Barth Eide om forhandlingane: – Veldig krevjande

– Akkurat no opplever eg det som veldig krevjande, svarar klima- og miljøminister Espen Barth Eide om status på forhandlingane i innspurten på klimatoppmøtet i Egypt laurdag føremiddag.

Han seier han er veldig uroa for kva som skjer på 1,5 graders-målet og at dei formuleringane presidentskapen no legg fram er alt for svake – særleg på arbeidsprogrammet for utsleppsreduksjonar.

– Om det blir som det no ligg an til, så kunne dette vore ei svekking i forhold til Glasgow – i eit år der vi treng å gå vidare, så det uroar meg sterkt, seier han.

– Er det sterke krefter som motarbeider det du vil oppfatta som ein god konklusjon på dette møtet?

– Ja, det er ein del av dei framveksande økonomiane som ynskjer å veksa meir og som ikkje ynskjer å leggja avgrensingar på utsleppa sine. Det dei derimot gjerne vil, er å få pengar frå oss for å kompensera for utslepp som allereie har skjedd. Det er ein litt ulogisk posisjon, svarar Eide.

Han seier samstundes at det også tidlegare har vore dramatisk på møter som likevel har lukkast.

– Så det blir jobba på spreng. Vi spring nærast mellom delegasjonane og gruppene her for å bidra til eit betre utfall. Det er alt for tidleg å erklæra dette møtet som mislukka, men vi er mentalt førebudde på alle utfall, seier klima- og miljøministeren til NRK.

Espen Barth Eide og hans folk i innspurten av COP27
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no