Tidlegare SV-leiar går til MDG
Tidlegare SV-leiar Erik Solheim har meldt seg inn i Miljøpartiet dei grøne, melder VG. Han seier til avisa at han trur MDG kan bli Noregs nye folkeparti. Solheim var leiar for SV frå 1987-1997, og utviklings- og miljøvernminister frå 2005-2012.