Hopp til innhold

EOS-utvalet kritiserer E-tenesta for planar om innhenting av data

Etterretningstenesta får kritikk av EOS-utvalet for å ha planlagt å hente inn trafikkdata før dei hadde tilstrekkeleg lovgrunnlag. Det kjem fram i årsmeldinga til utvalet, som kom onsdag.

EOS-utvalet er Stortingets kontrollutval for dei hemmelege tenestene.

Utvalet skriv at dei i desember 2021 blei gjort merksame på at E-tenesta var i dialog med ein ekomtilbydar om overføring av reelle data etter nyttår 2022. EOS-utvalet meiner etterretningstenesta ikkje kunne gjere dette fordi den nye e-lova ikkje var sett i verk på det tidspunktet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no