Hopp til innhold

Energiprisar til EU-toppmøtets bord

EU vil dempe uroa som er utløyst av dei stadig aukande energiprisane. EU-kommisjonen har lagt fram ei verktøykasse som innehalde hjelp til hushaldningar, statlege bidrag til næringslivet og målretta skattekutt. Unionen sine stats og regjeringssjefar møtast torsdag for å vurdere desse koordinerte handlingane, skriv NTB.

Fleire millionar EU-borgarar er i harnisk over dei ekstreme energiprisane, og kommisjonen har vore under sterkt press om å gjere noko, sjølv om det er dei enkelte medlemslanda som er ansvarleg for avgifter og val av straum, gass, atomkraft, gass, eller vind.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no