Hopp til innhold

Endrar stadnamn på Svalbard

Polarinstituttet endrar tre stadnamn på Svalbard etter påstandar om rasisme, melder Utrop.

Tidlegare denne veka gjekk Antirasistisk Front ut med kritikk av stadnamna Negerpynten, Negerfjellet og Negerdalen. Namna kjem frå den svarte fargen på fjella og er mellom anna omsett frå engelske Negro Point.

– Vår namnekomite har jobba godt. Eit notat frå dei blei handsama i går, og komiteen har fått i oppdrag å lage framlegg til nye namn i løpet av mai, seier kommunikasjonsdirektør Pål Jakobsen i Norsk Polarinstitutt i ein e-post til Utrop.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no