Eksplosjon i Kabul
Det skal ha vore ein bombeeksplosjon i Afghanistan sin hovudstad, Kabul, ifølge nyheitsbyrået Reuters.
Det er foreløpig ukjent skadeomfang.
Eksplosjonen skal ha skjedd i den vestlege delen av byen, der dei fleste av innbyggjarane er sjiamuslimar.
På fredag blei åtte personar drepne og 18 skadde i eksplosjonar i byen.
Det er ikkje kjent kven som står bak, men den ytterleggåande sunnimuslimske islamistgruppa IS har dei siste åra gjennomført ei rekke angrep mot sjiamuslimske mål i Afghanistan, skriv NTB.