Hopp til innhold

– Musklar og fettprosent var alt

Stadig fleire jenter er så opptekne av styrketrening, musklar og kosthald at det er skadeleg, seier ekspertar.

Kristine Økern

– Fortida mi har nok forma meg veldig, men i dag har eg funne balansen, seier Kristine Økern, etter å ha gått til behandling over tid.

Foto: Privat

– Eg trudde at det var sånn det var. Berre du fekk den kroppen og gjorde som dei så blei du perfekt. Og eg var usikker på meg sjølv.

Kristine Økern såg på bilete på sosiale medium av veltrente jenter som såg lykkelege ut. Ho hatt problem med anoreksi i fleire år, men klarte å riste det av seg. Så vart ho oppteken av musklar, og å få lågast mogleg feittprosent.

– Det var det livet dreia seg om. Om nokon spurte om eg ville vere med på kino så måtte eg først tenke over om eg fekk trent den dagen, eller om eg kunne ta med maten dit.

Levde som ein idrettsutøvar

Ho trente fleire gongar for dagen, og følgde ein streng matplan.

– Uansett kor låg feittprosenten blei vart eg aldri fornøgd. Uansett kor bra eg åt vart det aldri bra nok.

Ho fekk betennelsar fleire stader på kroppen, vitaminmangel og sleit med hjarterytmen. Vennane såg ho sjeldan.

– Eg blei jo einsam. Livskvaliteten var ikkje særleg god.

«Strong is the new skinny»

Jorunn Sundgot Borgen

– På sikt kan det føre til alvorlege helseskadar, når dei blir så hekta på trenings- og eteregime, seier Jorunn Sundgot-Borgen, professor ved Norges idrettshøgskole.

Foto: NRK

Det er overalt i sosiale medium. På bloggar, Instagram, Facebook blir det lagt ut bilete av muskuløse jentekroppar og sunne matrettar. Det er trendy å vere sunn.

– Det er veldig positivt at jenter har fokus på ein sterk kropp og trenar styrke, men det har tatt heilt av. For nokre tippar det over, seier Jorunn Sundgot- Borgen, professor ved Norges idrettshøgskole.

– Når dei blir så hekta på trenings- og eteregime får mange belastningsskadar, og dei får eit unormalt forhold til eigen kropp og mat. På sikt kan det føre til alvorlege helseskadar.

Kvar dag kontaktar uroa foreldre, kjærastar eller vener henne.

– Mange jenter treng hjelp og terapi for å kome seg ut av det, seier Sundgot- Borgen.

– Eg merker at problemet er stort

Blogger om spisevegring

– Eg merker at problemet er stort. Eg ser på blogger at ungdom etterspør diettar og kva de kan gjere for å få sixpack, seier blogger Kristin Roset.

Foto: Margrete Konstad / NRK

Kristin Roset er blogger, trenar og journalist. Ho måtte sjølv gå i terapi for å bli kvitt det overdrivne fokuset på trening og mat.

– Eg oppfordrar ungdom til å kome seg ut av miljøet. På det verste styrte eteforstyrring heile dagen og heile livet mitt. Eg hadde ikkje noko liv, fortel Roset.

Ho får no førespurnader på e-post frå gutter og jenter som spør kva dei kan gjere for å komme ut av det.

– Eg merker at problemet er stort. Eg ser på blogger at ungdom etterspør diettar og kva dei kan gjere for å få sixpack, seier ho.

– Risikerer alvorlege skader

Ernæringsfysiolog Therese Mathisen har bakgrunn i både styrkeløft- og fitnessmiljøet. No skriv ho doktorgrad om spisevegring. Ho trur at stadig fleire jenter får eit skadeleg forhold til styrketrening og kosthald.

– Det kan nok dels skuldast at det er meir fokus på kropp og utsjånad. Og så må vi sjå det i samanheng med korleis sosiale medium dominerer i dag, der ein heile tida frontar det ytre.

Ho fortel at jenter ofte får dårlegare livskvalitet og eit vridd syn på sin eigen kropp. Det er også fysiske konsekvensar for dei som ikkje klarer å balansere trening og kosthald.

– Då snakkar vi om store hormonelle forstyrringar. Dei risikerer beinskjørheit i ung alder og risikoen for hjarte- og karsjukdom aukar. Det gjer også risikoen for skader.

– Måtte få trua på meg sjølv

Kristine Økern skjønte at ho trengde hjelp. Ho gjekk til psykolog i halvanna år, og måtte jobbe med å snu tankegangen.

– Etter kvart begynte eg å like meg sjølv, og skjønte at eg trengde hjelp til å få eit meir naturleg forhold til ting. I dag jobbar ho som personleg trenar.

– Fortida mi har nok forma meg veldig, men i dag har eg funne balansen, seier ho.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no