Hopp til innhold

Ein sikta for seksuelle overgrep på restaurant

Politiet etterforskar eit mogleg seksuelt overgrep på ein McDonalds-restaurant i Ålesund. Det melder Sunnmørsposten søndag.

– Vi etterforskar eit mogleg seksuelt overgrep. Dei involverte er mindreårige og jamaldra, opplyser politiadvokat Mathias Häber til avisa.

– Vi etterforskar kva som har gått føre seg. Siktinga går ut på ein valdtekt, legg han til.

Dei involverte er ein gut og ei jente, begge under 18 år. Guten er sikta for forholdet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no