Ein person miste livet då helikopter måtte naudlande i Den engelske kanal
Den britiske marinen seier at ein person omkom då eit helikopter måtte naudlande i Den engelske kanal under ei øving torsdag, melder Reuters.
Hendinga skjedde i samband med ei øving på nattflyging.
Ingen andre blei skadde i hendinga.
Marinen seier saka kjem til å bli etterforska.