Ein død og tre alvorleg skadde etter kraftig vind under festival i Spania
Ein mann i 20-års omkom og tre personar er alvorleg skadd etter kraftige vindkast fekk deler av ein scene til å kollapsa under festivalen Medusa, ved kysten nær Valencia i Spania, natt til laurdag, melder Reuters.
Ifølge helsemyndigheitene i landet er det totalt 40 skadde etter ulykka.
1News meldte natt til laurdag om kraftige vindkast som skapa kaos under festivalen, og at ambulansepersonell var til stades.
320.000 menneske var venta å delta på festivalen.