Aserbajdsjansk soldat drepen
Ein soldat frå Aserbajdsjan blei drepen og tre soldatar frå Armenia såra under ein trefning mellom styrkar frå dei to landa i Kaukasus.
Landa utkjempa i fjor ein seks vekers lang krig som tok livet av rundt 6500 menneske, utløyst av usemje om grenseregionen Nagorno-Karabakh. Det er i det siste meldt om fleire trefningar langs grensa, og det er aukande frykt for at det kan utvikle seg til noko meir.