Hopp til innhold

Egypt skal rasjonere elektrisitet for å eksportere gass

Kabinettet i Egypt har blitt einige om å rasjonere elektrisitet i landet for å eksportere meir gass. Det melder Reuters.

Butikkar må redusere bruken av sterkt lys, i tillegg til å ikkje sette temperaturane på lågare enn 25 grader. Statlege bygg vil også redusere elektrisitetsbruken.

Tidlegare i sommar signerte EU i lag med Egypt og Israel ei avtale for å auke gassflyten til Europa frå dei to landa, ifølge France 24.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no