Hopp til innhold

Skal vurdere dyrare frikort

SV og Framstegspartiet ber Støre-regjeringa sørge for at det ikkje blir dyrare å gå til legen. I år må ein betale 2460 kroner i eigendel før ein får eit frikort for helsetenester. Solberg-regjeringa føreslo i neste års statsbudsjett å auke beløpet til 2921 kroner. Det er ei auking på nesten 19 prosent. SV sin helsepolitiske talsperson Marian Hussein meiner det er ein dårleg ide. Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at dette er noko regjeringa vil vurdere i ein tilleggsproposisjon.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no