Drapsforsøk på presidentens rådgjevar

Onsdag morgon blei det fyrt av skot mot rågjevaren til Ukrainas president, Volodymyr Zelenskyj. Det skriv Reuters.

Meir enn ti skot trefte bilen han sat i, utanfor hovudstaden i Ukraina, Kiev. Rågjevaren, Serhiy Shefir, blei ikkje skada, men sjåføren hans skal blitt treft av tre skot. Tilstanden hans er ikkje kjent.

President Volodymyr Zelenskyj er i tida i New York, der FNs hovudforsamling har møte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no