Hopp til innhold

Donald Sutherland (88) er død

Den kjende skodespelarane Donald Sutherland er død, det melder sonen Kiefer Sutherland på X.

– Det er med tungt hjarte at eg vil fortelje at faren min, Donald Sutherland, er død. Personleg meiner eg han er ein av dei viktigaste skodespelarane i filmhistoria.

Den kanadiske skodespelaren er kjent frå filmar som «Dont look now», «MASH», «Hunger Games» og fleire andre.

– Han elska det han gjorde, og gjorde det han elska, og ein kan ikkje be om meir enn det, skriv sonen vidare.

Sutherland blei 88 år gamal.

76th Venice Film Festival
Foto: PIROSCHKA VAN DE WOUW / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no