Hopp til innhold

Dømt til fengsel for drap på mora

Ein 21 år gammal mann er dømt til fengsel i 13 år for drapet på si eiga mor. Det skriv BA.

Det var i mai 2020 ei 55 år gammal kvinne blei funnen død i sin eigen heim på Sotra. Sonen har heile tida nekta for å ha drepe ho.

Han er i tillegg dømt til å betale 200.000 i oppreisningserstatning, nesten 300.000 i lidt inntektstap og 51.000 i framtidig inntektstap til dei etterlatne.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no