Hopp til innhold

Dømd til tre års fengsel

To nordmenn er dømd til tre års fengsel for medverkar til grovt underslag etter leilegheitssal i Brasil. Kjøparane fekk ikkje skøytene til leilegheitene, skriv Dagens Næringsliv.

I tillegg til fengsel, er dei to dømd til å betale tilbake 27,7 millionar kroner til kjøparane, samstundes er dei frådømd retten til å drive næringsverksemd for alltid.

45 nordmenn kjøpte for 15 år sidan eksklusive leilegheiter ved Kariri Beach Residence i Brasil, men fekk aldri noko skøyte.

Forsvararane til dei to nordmennene opplyse til DN at dei vurderar å anke dommen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no