Hopp til innhold

Dødstalet etter jordskjelvet i Tyrkia og Syria fortsett å stiga

Talet på døde etter jordskjelvet i Tyrkia og Syria nærmar seg 1.800, opplyser styresmaktene i begge landa.

Fleire tusen er skadde, og ein fryktar at eit ukjent tal menneske er fanga i ruinane av samanrasa bygningar. Det er venta at talet på døde vil stige.

Katastrofeleiingsdirektoratet i Tyrkia (AFAD) melder om 1.014 døde berre i Tyrkia. I tillegg er over 5.000 skadde. I Syria er det stadfesta minst 783 dødsfall, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Både opprørskontrollerte og regimekontrollerte område er ramma.

Skjelvet med episenter i byen Pazarcik i Tyrkia, hadde ein styrke på 7,8. Skjelvet ramma litt over klokka 2 natt til måndag norsk tid. Det er meldt om over 40 etterskjelv. Eit nytt jordskjelv seinare på ettermiddagen hadde ein styrke på 7,5. (NPK)

Turkey Earthquake
Foto: Khalil Hamra / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no