Hopp til innhold

Død person funnen i vatnet nær den gamle Svinesundsbrua

Svensk politi blei varsla klokka 19.21 fredag kveld om ein person i vatnet i nærleiken av den gamle Svinesundsbrua mellom Noreg og Sverige. Det melder Göteborgs-Posten.

Personen skal ha truleg ha flote frå Noreg til Sverige, seier talsperson i det svenske politiet, Christer Fuxborg til avisa.

Det er rekna at kroppen har vore i vatnet under lengre tid. Personen er identifisert, ifølge avisa.

Kvifor politiet trur personen har flote frå Noreg til Sverige, vil dei ikkje gå inn på. Omstenda rundt dødsårsak er framleis uavklarte.

Øst politidistrikt opplyser til VG at det er svensk politi som handterer saka.

– Vi veit ingenting foreløpig. Ingenting er stadfesta i denne saka. Det er ikkje nokon sakna som vi veit om, seier operasjonsleiar Ronny Samuelsen til VG.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no