Hopp til innhold

DNA-rapport ikkje kvalitetssikra

DNA-rapporten som peikar på mannen som er sikta for drapet på Birgitte Tengs, er foreløpig ikkje kvalitetssikra av Den rettsmedisinske kommisjonen, skriv TV 2.

– Ein grunn til at vi ikkje har fått han, kan vere at det er utanlandske sakkunnig som har skrive rapporten, og at dei ikkje er pålagde å sende han til oss, seier Hans Geir Eiken, som leiar genetisk gruppe i kommisjonen.

Mannen i 50-åra blei gripen 1. september for drapet på Birgitte Tengs etter at eit institutt i Austerrike hadde gjort funn som kopla mannens DNA til åstaden.

Mannen har avvist skuldingane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no