Hopp til innhold

«Stavanger-publikummet er altfor resultatfikserte»

Viking-manager Åge Hareide tar eit kraftig oppgjer med Viking og Stavanger-regionen. – Siddisane er dårlege både til å takla motgang og medgang, meiner han.

Åge Hareide

Ein engasjert Åge Hareide slår tilbake mot Viking-fansen. Nå krev han tid til å skapa 'noko nytt' i Stavanger.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

Akkurat nå er det mest motgang for Viking-supporterane. 11 poeng og ein skuffande 12. plass på tabellen er fasiten etter at ein tredjedel av sesongen er unnagjort.

Det heile toppa seg med eit audmjukande 5-1-tap for Tromsø på Alfheim stadion sist søndag. Mange har fått nok og krev endringar. Størst er skriket etter ein ny spiss. Ein spiss som skårar mål.

Stavanger-regionen er altfor resultatorientert.

Åge Hareide, Viking-manager

Slår tilbake

Nå slår Hareide tilbake på det han meiner er ein kultur som er heilt annleis enn i andre norske og skandinaviske byar. Det gjeld både publikum, sponsorar og media.

– Stavangerregionen er altfor resultatorientert. Når me vinn ein kamp hoppar folk altfor høgt og trur at ting går av seg sjølv, når me taper grev folk seg ned og trur at alt «går åt skogen».

Hareide har hatt trenarjobbar i andre landsdelar òg, mellom anna Trøndelag og Møre. Der er mentaliteten heilt annleis, meiner den tidlegare landslagssjefen.

– For all del, stavangerfolk er fantastisk hyggelege. Men dei blir som eit kinopublikum. Dei går frå stadion etter kampen, registrerer at det var ei dåreleg førestelling, og vil helst ha pengane tilbake.

– Tar tid

Viking-manageren trur det kan ha noko med heile samfunnet i den oljesmurte Stavangerregionen å gjera. Berre sigrar tel, motgang blir ikkje akseptert.

– Det tar tid å skapa noko nytt med unge spelarar. Ein må bygga opp noko over tid for å vinna, seier han.

Onsdag kveld får Hareide ein ny sjanse til å snu Viking-skuta mot botnlaget Stabæk på Viking stadion. Med tap her, spørs det kor mange nye sjansar Hareide får i Stavanger.

Dei blir som eit kinopublikum.

Åge Hareide, Viking-manager