Hopp til innhold

Regnfull verdspremiere med norske og internasjonale stjerner

Vegen har vore humpete før verdspremieren for den norsk-engelske produksjonen «Wide Blue Yonder» på Filmfestivalen i Haugesund.

Verdspremiere på Wide Blue Yonder

Skodespelarane Kåre Conradi (f.v.), Hege Schøyen, Brian Cox og Ingrid Bolsø Berdal som spelar i filmen Wide Blue Yonder, møtte pressa på båten Gå På utanfor Haugesund i samanheng med lanseringa av filmen torsdag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

«Wide Blue Yonder» er eit samarbeid mellom Norge og Storbritania, med stjerneskodespelarar frå begge leirar, filmen er spelt inn på Haugalandet.

Av stjerner i filmen finn du Brian Cox og Lauren Bacall frå Storbritania og Kåre Conradi og Hege Schøyen frå Norge.

Regnfull premiere

Det regna under filminnspelinga, og under filmfestivalen torsdag regna det igjen.

– Me snakka om det tidlegare, at det var så rart å vera tilbake i Haugesund utan regn, men så gjekk det ikkje lenge før det byrja seier Hege Schøyen.

Tre år etter innspelinga av filmen, er ho og Kåre Conradi tilbake på Haugalandet for å sjå verdspremieren.

Her kan du sjå klipp frå filmen:

Video Premiére på Wide blue yonder

Skjer i sjøen

– Det har vore mange skjer i sjøen, men alle har nå gått saman for å få filmen opp å stå, seier Kåre Conradi.

Han har ikkje sett den ferdige filmen, men han håper at den blir like varm og lun som historia. Han legg til at han har litt blanda kjensler sidan det har vore mykje rot rundt filmen.

Produksjonen mangla 30 millionar kroner på eit tidspunkt. Etter ei stund kom Bjarne Hareide inn som ny norsk produsent på produksjonen og fekk berga filmen i land.

Datoen for når filmen blir sleppt på den norske marknaden er framleis ikkje fastsett.

Haugesund Filmfestival held fram til neste torsdag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.