Senterpartiets Anna Ceselie Brustad blir likevel ikkje ordførar i Frosta. Arbeiderpartiet trakk seg frå avtalen, og no overtek Høgres Lars Myraune ordførarklubba.
Av
Kristin Agerlie
Anna Ceselie Brustad blir likevel ikkje ordførar på Frosta.
|
Senterpartiets Anna Ceselie Brustad. |
Årsaka er at Arbeiderpartiet har trekt seg frå samarbeidsavtalen dei inngjekk med Senterpartiet 20. september.
Denne avtalen skulle sikre Anna Ceselie Brustad (Sp) ordførarvervet og Geir Nøstvold (Ap) varaordførarvervet.
Myraunet ny ordførar
Arbeiderpartiet satt tirsdag i lange drøftingar med KrF og Høgre etter at Arbeiderpartiet trakk seg fra avtalen med Senterpartiet.
Det valtekniske samarbeidet mellom Høgre, Arbeiderpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti sikrar Lars Myraunet frå Høgre vervet som ordførar.
Sverre Skogly frå Kristeleg Folkeparti får vervet som varaordførar i Frosta dei neste fire åra.